Salongkultur_cover_web.jpg
 
 

LEIARNETTVERKET er ein nettverksorganisasjon for kvinnelege eigarer, gründerar og leiarar i privat og offentleg sektor i Hardanger. Ein nettverksorganisasjon vert levande gjennom at dei som alt har delteke, tek med seg andre som dei ynskjer skal vera ein del av nettverket.

Arrangementer

November 1. Fagleg og sosialt møte hjå Sjøtunet

Vertskapet Torunn Litlebø og Alf Storaas har ein gamal handelsstad og eit allsidig vestlandsbruk midt i landskapsparken rundt Fyksesund. 

Dei driv i dag med sau, kalvar, bringebær, plommer og utleigehytter, sal av eigne produkt og kurs- og selskapslokale.

Me skal få  ein presentasjon av verksemda i tillegg til lett servering og mogelegheiter for ein god handel.

 

Tidspunkt: tyrsdag 1. november kl 18.00 til 21.00

Stad: Sjøtunet på Rykkje (Fyksesundvegen 267, 5 km frå sentrum i Øystese)

Deltakaravgift:  kr 300,-

 www.sjotunet.no


September 14. Fagmøte med Næringshagen i Hardanger

 

Hardanger Salongkultur har på nytt invitert Næringshagen i Hardanger ved Sigmund Vereide til å snakka om korleis dei vil arbeida med kvinnelege gründarar og leiarar. (Vegsituasjonen i juni i Hardanger gjorde at møtet vart utsett til september). 

Møtet skal halde stad på Gløyp Spiseri i Kinsarvik der me får lett servering.

http://www.hardangerhagen.no/

 http://www.gloyp.no/

Tidspunkt: Onsdag 14. september  kl 18.00 til 21.00

Stad: Gløyp Spiseri

Deltakaravgift kr 300,-


Juni 8. Årsmøte og Fagmøte 2016

 

Hardanger Salongkultur har invitert Næringshagen i Hardanger ved Sigmund Vereide til å snakka om korleis dei vil arbeida med kvinnelege gründarar og leiarar. Det vert og ein kort presentasjon av den nye kafeen Fjell og Fjord Kafé og Kremmeri i dei gamle banklokala ved Riksvegen i Eidfjord Sentrum. Dette skjer etter Årsmøtet 2016.

Årsmøte vert helde frå 1830. Papira til Årsmøtet 2016 vert sendt ut i e-post til dei me har på lista vår. Andre kan be om å få årsmøtepapira tilsendt.
Lett servering er inkludert.

 

Tidspunkt: Onsdag 8. juni kl 18.30 til 21.30

Stad: Fjell og fjord kafe og kremmeri, Riksvegen 29, Eidfjord

Deltakaravgift kr 250,-

 


April27. Møte med We Norwegians, Tove Grane, Voss

We Norwegians er ei verksemd på Voss som designer, distribuerer og marknadsfører  ullklede.

Dei brukar naturleg ull og kombinerer moderne design med tradisjonelle strikkemønstre.

 

Gründaren, Tove Grane,  har sidan utdanninga frå Esmod i Oslo (1996) arbeiddmed norsk mote og  lanserte  i oktober 2014 sitt eige merke.

Ho ynskjer å auke kundane sitt medvit  om berekraftig mote gjennom opne produksjonsprosessar, tidlaust design og høg kvalitet.

 

Tidspunkt: Ons 27. april kl 18.00 til 20.00

Stad: Banksmidja, Stallgata 6-8, Voss

Deltakaravgift kr 250,- 


FEB. 29 Ope møte i Handelslaget i Ulvik - Ulvikatorget

Me får høyre om aktivitetane og verksemdene i Handelslaget inklusive presentasjon av Syse Glas ved gründaren Silje Margrethe Syse.

Prosjektet ”Gamle handelslaget” er eit samarbeidsprosjekt og spleiselag mellom private næringsaktørar og produsentar i Ulvik, Ulvik næringslag og Ulvik herad.

Bygget vert no brukt til:

1. Turistinformasjon og formidlingssenter for Ulvik
2. Ulvikatorget,
3. Syse Glas/glasblåseri.
4. Keramikkverksemd.
5. Felleskontor/kontorhotell.
 

(henta frå Visit Ulvik sine sider)

Tidspunkts: Måndag 29. februar 2016 kl 18.00 - 21.00

Deltakaravgift kr 250, som inkluderer enkel servering.

PROGRAM

kl.18.00: Velkomst drikk.
kl.18.15: Velkomen ved daglig leiar i Ulvik næringslag Vibeke Korsnes og bygde og næringsutviklar Natalia A. Golis: Historisk tilbakeblikk på utviklingen i Ulvik, gamle COOP bygget og prossess.

kl. 18.30: Presentasjon frå Silje Syse sin bedrift Syse Glas.

kl.19.00: Omvisning i Handelslaget; Ulvikatorget, turistinformasjonen og Kontorfelleskapet

kl.19.25: Pause med mat, drikke og snakk

kl.19.45: "Framtidsvy": Mini-samtale omkring samfunnsutvikling/ stadsutvilking og gründernes rolle. Korleis kan kvinner og engasjementet skape rørsla og verdiskaping i lokalsamfunnet? Liten uformell workshop med basis i lokalsamfunnsutviklinga og prosessar, entreprenørskap i regionen og tekstene til lyriker og landskapsarkitekten Margrete Aas.

kl. 20.30 Slutt


NOV. 18 Fagmøte om hersketeknikkar

Rita Tveiten, Handelshøgsskulen BI innleier om tema hersketeknikkar basert på ei undersøking gjennomført vinteren 2014 og eigne erfaringar som politikar i kommune, på fylkesnivå og på Stortinget.

Praktisk info:

Tidspunkt: 18 november kl. 18.00–21.00

Adress: Sandven Thon Hotel, Norheimsund.

Lettare servering.

Deltakaravgift kr 250, betalast ved frammøte.


JUN. 24 Bedriftsbesøk hjå Berge Gard og Gartneri og kunstreise til Kabuso

To fluer i ein smekk. Me stiller på Kunsthuset Kabuso i Øystese kl 1530 for å sjå deira Munch-utstilling Natur og kjensle. Deretter fer me til Berge Gard & Gartneri kl 1800.Anne Grete Berge, dagleg leiar og eigar presenterer verkseda si.

Praktisk info:

Tidspunkt: 24. juni kl. 15.30–19.30

Adresse: Tørvikbygdvegen 215


Salongkultur_background.jpg

Inspirasjon

Catharine H. Kølle (1788-1859) Ei verdsdame i lokalsamfunnet. Ein pioner i Noreg innanfor vandring og målarkunsten - og det med utgangspunkt i Ulvik.

“Søndagssamlingene på Holmen, omtalt som Ulviksparlamentet,
var Ulviks svar på de litterære salongene... gjennom de private salongene skapte kvinnene seg et forum hvor de fritt kunne
debattere tidens store spørsmål...”
 

"En kvinnelig oppdagelsesreisende i det unge Norge, Catharine Hermine Kølle",  av Anka Ryall og Jorunn Veiteberg, 1991.